I dag kan ein på norske apotek få kjøpt gentestar der ein kan teste sine eigne barn. Og sjølv om testane enno er usikre så lovar ein av testane at den kan gje ein peikepinne på om barnet har anlegg for eksplosive øvelsar eller om ein heller bør satse på langdistanseløp. Også ein test for framtidig laktoseintoleranse kan ein få på norske apotek i dag. Og på Internett er der ei rekke testar å få kjøpt. Men dette er ikkje utan problem, fortel professor i etikk og politisk filosofi Bjørn Myskja ved NTNU. Myskja som og er nestleiar i Bioteknologirådet meiner det er uetisk, og truleg også ulovleg, å teste eigne barn på denne måten, for slik å kunne sei noko om ei framtid barnet kanskje ikkje vil vite noko om. Dessutan vil slike gentestar kunne gje nære slektningar informasjon dei kanskje heller ikkje vil vite noko om. Men samstundes er dette ei utvikling ein vil sjå stadig meir av og difor er det viktig at ein får ein offentleg debatt rundt desse spørsmåla: Kva skal vera lovregulert, kva skal vera fritt og kor går grensene? Ein vanskeleg debatt, men viktig, seier Bjørn Myskja som blir intervjua i kveldens «Undring og mangfald»
Gentesting av barn - Bjørn Myskja - YouTube | |
1 Likes | 1 Dislikes |
50 views views | 274 followers |
Pets & Animals | Upload TimePublished on 8 Apr 2016 |
Không có nhận xét nào:
Đăng nhận xét